Har ingen vennar
Startet av smiling15
ett år siden
i dei siste 3+ åra har eg lagt merke til at vennane mine ignorerer meg meir og meir, dei vil heller ikkje prate med meg lenger. Dei ignorerer meldingane mine, da eg prøver å prate med dei blir eg berre ignorert, og det virker ikkje som at nokon vil vere med meg lenger.
Den einaste personen eg er med innimellom *på skulen* er ein gut som viser meg veldig ukomfortable videoar (sjølv skading, mord osv), og han tar meg på ubehagelige plassar, slår meg, og prøver å kvele meg. Det liker eg ikkje og uansett om eg dytter han vekk eller seier "nei", bryr han seg ikkje. Det gjer meg reddare for å gå på skulen.
Men er det noko eg kan gjere for å ikkje føle meg så aleine og ignorert? Berre fordi eg har came out som gay og trans, det gir dei ingen grunn til å slutte å vere vennen min :(